tirsdag 18. desember 2018

Hyllest til fornuftens fanebærer - Magnus Bernhardsen

Vil du lese om min julekalender med fornuftens fanebærere, trykk her.

Vil du se resten av listen, trykk her.

Magnus har eg hatt gleda av å sitje i styre saman med, men den æra ser og ut til å tilfalle einkvar som har hatt eit verv i Norge. Han har ikkje bare vore styremedlem og leiar av Skepsis, han har og vore aktiv i Målungdommen, i Raud Ungdom, og i Klanen. Og då han var 19-20 år ga han ut ei bok om Kurdistan. Det var ikkje mykje eg gjorde då eg like gamal.
Bilete stole frå Facebook.

Som leiar av Skepsis var han aktivt ute i media, anten det var snakk om folk som trudde dei har paranormale evner eller kunne lækje ved hjelp av bøn. Han var viktig i ei tid då aktivititen i organisasjonen var låg.

Magnus er ryddig, strukturert, og er i stand til å gjere mykje. Han er som ein karakter frå ein Solstad-roman, han skriv artiklar om båe fotball og filosofi.

Vi treng folk som Magnus, som kan kommunisere med folk uansett om temaet er vitskap, filosofi eller fotball. Magnus er ingen fornuftens fanebærer, men han er ein fornuftas faneberar.









Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Dikt - så mange spørsmål

 da tidemand og gude malte brudeferden i hardanger hadde de lest avisen hadde de lest om gutten som løp over gangbruen drep denne negeren ro...

Populære innlegg