søndag 29. november 2020

Kurs i nynorsk - sterke verb i presens

Eg har tidlegare laga ulike kurs i nynorsk, og delt fleire hefter. Mellom anna har eg delt lister over dei mest brukte verba på nynorsk. Denne gongen vil eg gjerne gjere ting på ei ny måte, og sjå på ei tid.

Det er verb på nynorsk som i presens er korte. Dei er nokre av dei mest brukte verba, og det er viktig å kunne dei. Lat oss ta dei i bolkar. Les gjennom kvar liste eit par gongar, og sjekk at du kan dei godt.

Her er fem verb i presens:

  • bed
  • brenn
  • drep
  • drikk
  • driv
Ljoset brenn. Kva driv du med? Dei drikk brus. Eg bed deg om å høyre på meg.

Så lat oss sjå på fem verb til:
  • finn
  • fortel
  • frys
  • grip
  • græt
Her er fem verb til:
  • held
  • kjem
  • krev
  • lèt
  • les
Ho held mobilen for meg. Eg kjem no. Eg krev at du les dette no. Foreldra mine lèt meg få vere lenge ute.

Her er fem verb til:
  • lyg
  • rekk
  • skin
  • skrik
  • skriv
Han lyg ofte. Vi rekk ikkje bussen. Sola skin. Kva skrik du for? Eg skriv eit brev.
  • skyt
  • slit
  • spring
  • stel
  • syng
Han skyt på blink. Ho slit seg ut. Dei spring til bussen. Han stel frå butikken. Dei syng fint.
  • sel
  • skil
  • tel
  • veks
  • vel
Dei sel mat i butikken. Dei skil seg frå kvarandre. Dei tel pengane dei har. Guten veks opp. Eg vel å gjere det.

Dette er tretti verb, og mange av dei kjem du til å få bruk for ofte om du skriv nynorsk. Gå gjennom lista fleire gongar. Sjekk at du kan orda. Repeter fleire gongar.

tirsdag 24. november 2020

Eit lite kurs i å forbetre nynorsken din

 Eg har lese gjennom mange tekstar av bokmålselevar, og eg har sett at nokre feil går igjen i mange tekstar. Dette er eit forsøk på å gjere elevane bevisste på desse feila. Teksten er delt inn i ulike leksjonar, og du kan lese ein og ein. Ikkje gå vidare før du er sikker på at du har forstått leksjonen.

Leksjon 1 - "å si"

Dette er eit ord som mange elevar skriv feil.

Her er det berre to former du må hugse, sidan preteritum og perfektum er som på bokmål.

Å seie - ikkje sei eller noko slikt. Å seie.

Deretter er det ordet som mange elevar skriv feil, "seier". Han seier at det er seint. Ho seier at ho må gå heim. Dei seier at det har vore ein fin kveld.

Hugs desse to orda. Det er ikkje vanskeleg.

Ho er imponert over deg!


Leksjon 2 - å skrive

Her er det heile tre former du må hugse.

"Å skrive" er likt med bokmål. Men så er det viktig å hugse "skriv". Han skriv eit brev. Ho skriv ei roman. Dei skriv saman.

Så er det preteritum, og det er "skreiv".

Så kjem vi til perfektum, og det er nett som infinitiv: skrive. Han har skrive eit brev. Ho har skrive ein roman.

Se korleis dei jublar for deg, for at du forstod dei to første leksjonane!



Leksjon 3 - "man"

Dette er ei kort leksjon, men eg vil berre minne deg på at ein ikkje skriv "man" på nynorsk, ein skriv "ein".


Ho her er imponert over deg!
Leksjon 4 - pronomen

Eg trur du allereie kjenner til ordet "eg" og "ho", og bortsett frå dei er eintal ein dans på roser. Det er han, du, deg, meg, og dei andre orda du kjenner til. Det er og ingen problem med vi og oss. Så er det dei andre.

Dere er "de" og "dykk", eller "dokker" og "dokker". Eg såg dykk. De såg meg. Eg såg dokker. Dokker såg meg. 

Så er det de og dem. Det er dei og dei. Dei såg meg. Eg såg dei.



Så flink du er! Allereie fire av femten leksjonar. Dette går bra.


Leksjon 5 - å synast

Dette er eit verb som mange skriv feil på nynorsk, og du treng det ofte i tekster.

Men du treng som regel berre to former, presens og preteritum.

Eg synest - presens

Eg syntest - preteritum

Men dersom du tykker dette er eit vanskeleg ord, skriv meine.

Å meine, meiner - meinte - har meint

Dei to er så glade for at du vil lære nynorsk!




Leksjon 6 - A- og e-verb

Vi skal byrje enkelt med verb, og eg vil lære deg ei regel som gjeld for mange ord.

Mange verb på nynorsk er a-verb, mange er e-verb. Korleis skal du skilje dei?

Det er enkelt for einskilde elevar med mange dialektar. Du klarar å høyre det.

Regla er som følgjer: Dersom det er naturleg å seie -a i preterium, så er det eit a-verb.

Du kan seie "I går _______-a eg", og høyre etter om det høyres naturleg.

I går dansa eg. Høyres det naturleg ut? Ja. Då vert det å danse - dansar - dansa - har dansa

I går sykla eg. Høyres det naturleg ut? Ja. Då vert det å sykle - syklar - sykla - har sykla

I går kjøpa eg. Høyres det naturleg ut? Nei. Du vert det å kjøpe - kjøper - kjøpte - har kjøpt


Leksjon 7 - min, din, osv

Min og din er enkelt. Det same er mitt og ditt. Dine og mine. Enkelt. Han og hans er og det same. Vår og vårt er det same.

Så kjem me til hokjønn. Der må du hugse hennar. Så er det dykkar/ dokkar - (2 person fleirtal), og deira (3 person fleirtal).

Ho smiler fordi ho gler seg til å lese
tekstene dine på nynorsk!














Leksjon 8  -"å fortelle"

Nå har vi hatt to lange leksjonar, så då treng vi ei kort ei.

Å fortelje treng du på eksamen, så då må du hugse denne.

Presens er fortel, ikkje forteljar. Forteljar er ein person som fortel historier.

Han fortel ei historie.


Leksjon 9- å komme

Det heiter "kjem" i presens. "Eg har komme" heiter det i perfektum.


Leksjon 10 - passiv

Å skrive passiv på er enkelt- ast

Det må gjerast, han kan høyrast på teateret.

Det er i mange tilfelle betre å skrive "ein + infinitiv"-

Det må ein gjere, ein kan høyre på teateret.

Så flink du er, allereide to tredjedeler ferdig!

Leksjon 11 - lig

Med unnatak av bolig, er det ingen ord med "lig" på nynorsk. Det heiter -leg. I dei fleste tilfella er det berre å endre til  leg, som i tidleg, nyleg og alvorleg, men i andre må du og endre rotordet, som truleg, verkeleg, mogleg. Søk i dokumentet etter "lig" når du leser gjennom.

Han smiler fordi han er imponert over deg!


Leksjon 12 - til

Det er ei utbredd oppfatning om at det er lov å skrive "tel" eller "tå" på nynorsk. Det er det ikkje.

Det heiter "til".

Eg skreiv eit brev til Lise.

Ikkje tå, ikkje tel, men til.


Leksjon 13 - adjektiv

Det er ikkje vanskeleg å skrive adjektiv på nynorsk, hugs følgjande:

-are og -ast

Sterk, sterkare, sterkast

Dersom det er tre eller fleire stavingar, bruk meir og mest, nett som på bokmål.

meir interessant, mest interessant

To smilefjes til deg!


Leksjon 14 - inkjekjønn

Ein av dei vanlegaste feila eg ser er inkjekjønn. Regelen er som følgjer:

Eit eple - eplet - eple - epla.

Altså inga ending og -a i fleirtal.


På bokmål er det to endingar, avhengig av kva ord du skriv (flere epler/ belter, men flere rom/ hus). På nynorsk er det nesten alltid -0, -a. Fleire hus, alle husa, fleire dyr, alle dyra, fleire liv, alle liva.


Leksjon 15 -  søk

Det er lett å gløyme seg når ein skriv nynorsk, derfor er det viktig å søke gjennom teksten, og finne dei stadene du du har gløymt deg.

Vel "Hjem" og så "Søk", så finn søker du etter følgjande:

an - be - else - en - ere - est - het  - hv - lig - sier  -vær

Sjekk om dette er ord du må endre.


Sjå kor glad ho er for at du har
tatt alle leksjonane.

Dette var 15 raske leksjonar. Gå gjennom dei fleire gongar, så du hugsar det.


Her er oppgåver til leksjonane.

Tulledikt - Bæ bæ, lille lam

Hvordan ville kjente, norske diktere skrevet "Bæ bæ, lille lam"? Nordahl Grieg Kringsatt av saueflokk, gå inn til ditt lam! Finn d...

Populære innlegg