Eg har tidlegare laga ulike kurs i nynorsk, og delt fleire hefter. Mellom anna har eg delt lister over dei mest brukte verba på nynorsk. Denne gongen vil eg gjerne gjere ting på ei ny måte, og sjå på ei tid.
Det er verb på nynorsk som i presens er korte. Dei er nokre av dei mest brukte verba, og det er viktig å kunne dei. Lat oss ta dei i bolkar. Les gjennom kvar liste eit par gongar, og sjekk at du kan dei godt.
Her er fem verb i presens:
- bed
- brenn
- drep
- drikk
- driv
Ljoset brenn. Kva driv du med? Dei drikk brus. Eg bed deg om å høyre på meg.
Så lat oss sjå på fem verb til:
- finn
- fortel
- frys
- grip
- græt
Her er fem verb til:
- held
- kjem
- krev
- lèt
- les
Ho held mobilen for meg. Eg kjem no. Eg krev at du les dette no. Foreldra mine lèt meg få vere lenge ute.
- lyg
- rekk
- skin
- skrik
- skriv
Han lyg ofte. Vi rekk ikkje bussen. Sola skin. Kva skrik du for? Eg skriv eit brev.
- skyt
- slit
- spring
- stel
- syng
- sel
- skil
- tel
- veks
- vel
Dei sel mat i butikken. Dei skil seg frå kvarandre. Dei tel pengane dei har. Guten veks opp. Eg vel å gjere det.
Dette er tretti verb, og mange av dei kjem du til å få bruk for ofte om du skriv nynorsk. Gå gjennom lista fleire gongar. Sjekk at du kan orda. Repeter fleire gongar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar